INTRODUKSJON / NETTNO / MAGASIN / SKULE / POST / LAGER

Magasinett: Idar Linds andre side.

Idar Lind:

Olav Tryggvason, Håkon jarl og Tormod Kark

Eg har tidligare gjort eit forsøk på å reinvaske trælen Tormod Kark, som eg opplever som ein miskjent person i Norgeshistoria. Soga om Olav Tryggvason fortel om korleis han tok livet av Håkon jarl, herren sin.

"Sidan let kong Olav leie han bort og hogge hovudet av han." Litt av ei takk for hjelpa. Eit stygt svik av ein kristen konge, vil mange meine. Her hadde han stått og lova "den mann både gods og ære som gjorde Håkon jarl mein". I songen "Soga om Kark" forklarer Sæmund Fiskvik dette med at "stormenn er like feig og falsk og umoralsk, så svik du meg, så svik vel kongen deg".

Her vil eg gjerne forsvara Olav Tryggvason. Ikkje at det var særlig snilt å ta livet av den som hadde hjelpt han til makta, men kongen hadde sine grunnar. Somme av desse er fletta inn i teksten under, eit utdrag frå "Korsvikaspillet" (som eg har skrive manuskriptet til).

Ein viktig replikk er lagt i munnen til presten Tangbrand: Du treng ikkje halde eit løfte gitt til ein udøypt mann, og attpåtil ein træl. Ein træl som har drepe herren sin.

For det første hadde ikkje ein træl dei samme rettane som ein fri mann. For det andre hadde Olav Tryggvason gjort det til ein vane å hogge hovudet av dei som ikkje ville bli kristna. For det tredje: Ut frå tankegangen til den kristne presten måtte det nærme seg ei dødssynd å ta livet av herren sin, uansett kven denne herren var.

I "Korsvikaspillet" veit Tormod Kark noko som Tangbrand ikkje kan veta: At banda mellom ein jarl og ein træl fødde i den samme natta er så sterke at den eine må døy når den andre gjer det. Kanskje ser også Olav Tryggvason dette poenget. Uansett: Det er vanskelig å sjå noko umoralsk i handlinga til kongen, verken ut frå den tradisjonelle tankegangen eller den nye kristne. Det er heilt uinteressant at vi i dag har eit anna syn på god og dårlig moral.

Dessutan: Olav Tryggvason var ein dyktig taktikar. Han visste å utnytte symbolverdien i å plassere hovudet til Håkon jarl på Nidarholmen. Slik reduserte han motstandaren sin til ein simpel illgjerningsmann. Kanskje såg han også ironien i at Tormod Kark fekk den samme lagnaden som herren sin.
 

Idar Lind.
Frå "Korsvikaspillet" (Trondheim 13.-15. juni 1997):
Olav Tryggvason møter Tormod Kark.

    (Siste scene. Med mellom andre Tormod Kark, Olav Tryggvason, prestane Simon og Tangbrand, Håkon jarls skald Einar Skåleglam og Anna, ei kristen trælkvinne som i stykket er kjærasten til Kark.)

    OLAV TRYGGVASON:
Så det her e han som har gjort Kvitekrist ei så stor tjenest'. Den mektige ladejarl'n mesta haue på grunn av ein træl. (Til Einar Skåleglam:) Einar Skåleglam, sjøl ijt skaldskapen din makte å framstill det her som ein ein ærerik utgang på livet.

    (Simon oppdagar torshammaren som Kark har om halsen.)

    SIMON:
Dette er ikkje Kristi kors, konge.

    OLAV TRYGGVASON (til Kark):
Og no vil du ha gods og ære, som æ lova den som drap Håkon jarl.

    (Olav Tryggvason tar den øydelagte gullringen og legg dei to halvdelane om halsen til Kark.)

    TANGBRAND:
Du treng ijt hold eit sånt løfte te ein udøpt mann, konge, og attpåte ein træl. Ein træl som har drept herren sin.

    (Tangbrand spyttar på Kark.)

    KARK:
Æ ber ijt om gods og ære. Æ ber berre om ein ting: At æ bli hauglagt i lag med herren min, som skikken e.

    TANGBRAND:
Ber du ein kristen konge gravlegg dæ ætte' heidensk skikk?

    KARK:
Du har di tru, æ har mi. Kæm veit ka som e rett.

    OLAV TRYGGVASON:
E det alt du ber om? Du vil ha den samme lagna'n som herren din?

    KARK:
Æ drømt at kongen la ein gullring om halsen min.

    (Olav Tryggvason ler og gir sverdet sitt til Tangbrand.)

    OLAV TRYGGVASON:
Den her oppgåva vil du lik', Tangbrand.

    (Kark blir ført bort. Tangbrand høgg hovudet av han og kjem tilbake til Olav Tryggvason med det og torshammaren. Olav Tryggvason ser på torhammaren og kastar den frå seg.)

    OLAV TRYGGVASON:
Sætt begge hauan på stake utpå Nidarholmen! Heile Trøndelag ska sjå at Kvitekrist e mektigar enn gudan te blotjarl'n.

    ANNA:
Nidarholmen? Men det e ein plass for illgjerningsmenn!

    (Olav Tryggvason ler og går bort frå henne. Hovuda blir sett på stake og ført til båtane.)

    ANNA:
Du lova at dæm skoll bli hauglagt, han Håkon og'n Kark!

    TANGBRAND:
Kongen sitt løfte va at han skull få samme lagna'n som herren sin.

    ANNA:
Kark!

    (Anna plukkar opp torshammaren og blir ståande med både denne og sitt eige kors i hendene. Båtane glir ut frå land)


HENT TEIKNINGA: Tora fører Håkon jarl til grisebingen.
Meir om Idar lind

Eg tar gjerne imot respons på det som er presentert her. Kanskje gir redaktøren rom for innlegg om saka? Den som vil veta meir om meg, kan sjekke heimesida mi.
 
| Soga om Tormod Kark | Rompa mi | Sju tre | Tuvalu


INTRODUKSJON / NETTNO / MAGASIN / SKULE / POST / LAGER