MAGASINETT: Til Idar Linds første side

Frå Snorre: Soga om Håkon den gode. (Kapittel 11.)

Kong Håkon var i julegjestebod i Trondheimen. Dette gjestebodet hadde Sigurd jarl stelt til for han på Lade. Første julenatta fødde Bergljot, kona til Sigurd jarl, eit gutebarn. Dagen etter auste kong Håkon vatn på guten og gav han namnet sitt. Guten voks opp og vart sidan ein mektig og gjæv mann, Sigurd jarl var den kjæraste venen til kong Håkon.

Frå Snorre: Soga om Olav Tryggvason. (Kapittel 48-50.)

48. Håkon jarl var i gjestebod på Melhus i Gauldalen, og skipa hans låg ute ved Viggja. Det var ein mektig bonde som heitte Orm Lyrgja og budde på Bunes; han hadde ei kone som heitte Gudrun, dotter til Bergtor på Lunde. Ho vart kalla Lundesol, og var utifrå ven. Jarlen sende trælane sine til Orm i det ærend at dei skulle få Gudrun, Orms kone, med seg til jarlen. Trælane fortalde ærendet sitt. Orm bad dei først få seg kveldsmat. Men før trælane hadde ete, var mange menn komne frå bygda til Orm; han hadde sendt bod på dei. Da sa Orm at Gudrun slett ikkje skulle fare med trælane. Gudrun bad trælane seie det til jarlen, at ho ville ikkje komme til han utan han sende Tora frå Romol etter henne; det var ei mektig husfrue og ei av frillene til jarlen. Trælane sa at neste gong skulle dei komme att såleis at bonden og kona hans snart skulle angre på dette; trælane lova vondt og strauk av. Men Orm let hærpil fare omkring i bygda til alle fire kantar, med pålegg om at alle skulle gå med våpen mot Håkon jarl og drepe han. Han sende bod til Halldor på Skjerdingstad med, og Halldor let straks hærpil gå. Stutt tid før hadde jarlen teke kona til ein mann som heitte Brynjolv; dette vart dei fælt harme for, og da var det nære på at det hadde samla seg ein hær. Men da denne bodstikka kom, vart det eit heilt opplaup, og mykje folk drog til Melhus. Jarlen fekk nysn om dette og for bort frå garden med folket sitt til ein djup dal som sidan heiter Jarlsdalen. Dei gøymde seg der. Dagen etter heldt jarlen godt auge med bondehæren. Bøndene stengde att alle vegane, og trudde helst at jarlen hadde fare til skipa sine. Son hans, som heitte Erlend og var ein emneleg mann, styrte den gongen skipa. Da natta kom, let jarlen folket sitt gå frå kvarandre, og bad dei fare skogleies ut til Orkdalen: "Ingen mann vil gjere dykk vondt når ikkje eg er nær. Send bod til Erlend at han skal segle utetter fjorden, så vi råkast på Møre. Eg skal nok få gøymt meg for bøndene."

Etter dette for jarlen bort saman med ein træl han hadde, som heitte Kark. Det låg is på Gaula, og der skuva jarlen hesten sin uti og la att kappa si. Så for dei til ein heller, som sidan heiter Jarlshelleren, og der sovna dei. Men da Kark vakna, fortalde han at han hadde drøymt at ein svart og fæl mann kom mot helleren, og han var redd for at han skulle gå inn, og denne mannen fortalde han at Ulle var død. Jarlen sa at Erlend visst var drepen. Tormod Kark sovna andre gongen og bar seg ille i søvnen. Da han vakna, fortalde han at han hadde drøymt at han såg same mannen komme att, og mannen bad han seie til jarlen at no var alle sund stengde. Kark fortalde draumen til jarlen, og han trudde slikt kunne varsle at han var feig.


HENT TEIKNINGA: Kong Håkon auser vatn på jarlesonen.
Dermed stod han opp, og dei gjekk til garden Romol. Der sende jarlen Kark til Tora, og bad henne komme ut så ingen merka det. Dette gjorde ho, og tok godt imot jarlen. Jarlen bad henne gøyme han i nokre dagar, til bondehæren gjekk frå kvarandre. "Her vil dei visst," sa ho, "leite etter deg på garden min både ute og inne, av di mange veit at eg gjerne vil hjelpe deg alt eg kan. Det finst berre ein stad på garden min der eg ikkje kunne finne på å leite etter slik mann, og det er ein grisebinge." Da dei kom dit, sa jarlen: "Her skal vi stelle til for oss; livet skal vi no først berge." Så grov trælen ei stor greft og bar bort jorda, og sidan la han tømmer over. Tora fortalde jarlen at Olav Tryggvason var kommen inn i fjorden og hadde drepe Erlend, son hans. Så gjekk jarlen og Kark ned i grefta; og Tora la tømmer oppå, og sopa mold og møkk over og dreiv grisane utpå. Denne grisebingen låg ved ein stor stein.

49. Olav Tryggvason styrte inn i fjorden med fem langskip, og der kom Erlend, son til Håkon jarl, roande ut imot han med tre skip. Da skipa nærma seg, tenkte Erlend det kunne vere ufredsmenn, og snudde til lands. Men da Olav såg langskipa komme roande mot seg utetter fjorden, tenkte han det var Håkon jarl som for der, og bad folket sitt ro etter det hardaste dei kunne. Da Erlend og mennene hans var komne nær landet, rodde dei på grunn og sprang straks over bord og søkte til lands. I det same kom skipa til Olav farande. Olav såg at det låg ein fager mann og sumde. Olav tok styrevolen og kasta etter mannen, og hogget kom i hovudet på Erlend, son til jarlen, så hausen brotna radt til hjernen. Der miste Erlend livet sitt. Olav og mennene hans drap mykje folk der; men somme kom seg unna, og somme tok dei og gav grid og spurde dei om nytt, Da vart det fortalt Olav at bøndene hadde jaga Håkon jarl bort, at han no rømde for dei, og at heile flokken hans hadde skilst åt.

Sidan kom bøndene til Olav, og dei gleddest ved kvarandre og gjorde straks samlag. Bøndene tok han til konge over seg, og alle vart samde om at dei skulle leite etter Håkon jarl og fare opp i Gauldalen; dei tykte det var rimelegast at om jarlen var på nokon av gardane, måtte det vere på Romol, for Tora var beste venen hans der i dalen. Dei for dit og leita etter jarlen både ute og inne, men fann han ikkje.

Da heldt Olav husting ute i garden; han steig opp på den store steinen ved grisebingen. Der tala Olav til folket, og i talen sin sa han at han ville gje den mann både gods og ære som gjorde Håkon jarl mein.

Denne talen høyrde jarlen og Kark. Dei hadde lys med seg. Jarlen sa: "Kvifor er du så bleik, men stundom svart som jord? Det er vel ikkje så at du vil svike meg?" "Nei," sa Kark. "Vi vart fødde same natta," sa jarlen; "det blir visst ikkje lenge mellom døden vår heller."

Da det kvelda, for kong Olav bort. Og da natta kom, heldt jarlen seg vaken; men Kark sovna og bar seg ille. Jarlen vekte han og spurde kva han drøymde. Han sa: "No var eg på Lade, og Olav Tryggvason la ein gullring om halsen på meg." Jarlen svara: "Da vil Olav leggje ein blodraud ring om halsen på deg om du råkar på han. Ta deg i vare for det. Men av meg skal du nyte godt som før; svik meg ikkje." Sidan vakte dei begge to, nett som den eine vakte over den andre.

HENT TEIKNINGA: Tora fører Håkon jarl til grisebingen.
Men mot dagen sovna jarlen, og brått bar han seg ille, og det så hardt at han skaut hælane og nakken under seg, liksom han ville rise opp, og skreik høgt og fælsleg. Kark vart redd og fælen og tok ein stor kniv av beltet sitt og stakk han igjennom strupen på jarlen og skar han ut. Dette vart Håkon jarls bane. Etterpå skar Kark hovudet av jarlen og sprang bort med det. Dagen etter kom han inn til Lade og hadde hovudet til jarlen med til kong Olav. Han fortalde da det som hadde hendt mellom han og Håkon jarl, og som her er skrive. Sidan let kong Olav leie han bort og hogge hovudet av han.

50. Etter dette for kong Olav og ein stor flokk bønder ut til Nidarholm og hadde med seg hovuda til Håkon jarl og Kark. Denne holmen brukte dei i den tid til å drepa tjuvar og illmenne på, og det stod ein galge der. Dit let han bere hovuda til jarlen og Kark. Heile hæren gjekk dit og sette i og skreik og kasta stein, og sa at den eine nidingen skulle fare same vegen som dei andre nidingane. Sidan sende dei folk opp i Gauldalen; dei tok kroppen og drog han bort og brende han.

Så stor fiendskap la trønderane til Håkon jarl at ingen måtte kalle han anna enn den vonde jarlen, og så kalla dei han lenge etter. Men skal ein seie som sant er om Håkon jarl, så var han i mange måtar godt laga til å vere hovding; først fordi han var av høg ætt, og så fordi han var klok og hadde godt vit på å styre; han var djerv i slag og hadde lykke til å vinne og drepe fiendane sine.


HENT TEIKNINGA: Kark drep Håkon jarl.
Fotnote

Nidarholm, no Munkholmen.

Sitata er henta frå frå Snorre Sturluson: Kongesoger. (Det Norske Samlaget 1994. Redaktørar: Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy. Omsetjarar: Steinar Schjøtt og Hallvard Magerøy.

Tilbake til første side.