INTRODUKSJON / NETTNO / MAGASIN / SKULE / POST / LAGER

Magasinett: Idar Linds første side.

Idar Lind:

Soga om Tormod Kark

Eg skulle gjerne ha snakka med Kark, mannen som Christian Krohg teikna to gongar til Snorre Sturlussons kongesoger. På den eine teikninga står Kark med spade over aksla, klar til å greva holet der han og Håkon jarl skal gjømme seg for Olav Tryggvason. På den andre løftar han kniven for å skjera hovudet av jarlen.

Det er dette som er grunnen til at Tormod Kark gjekk inn i historiebøkene: At han tok livet av herren sin, mannen som gjennom fleire tiår var den mektigaste i Norge.
 

Idar Lind.
Stormannen og trælen hans

Attmed grisebingen på Romol, der Tora - ein av kjærastane til Håkon jarl - budde: Håkon står med rak rygg og høgreist panne. Kark har skeive ansiktsdrag og svarte auga under samantrekte augebryn. Kroppshaldninga kan han ha fått av eit liv med slit og fysisk arbeid, eller fordi teiknaren vil vise at dette er ein illgjerningsmann.

Og framstillinga av sjølve drapet: Jarlen søv i lyset, ansiktet til trælen er dominert av mørkret, av sviket. Ingen skal vera i tvil om at ugjerninga blir utført av eit mindreverdig menneske, styrt av gulltørst og vondskap.

Christian Krohg viser oss ein stor mann og svikaren som drap han.

"Ein træl vert ikkje fri om han drep sin jarl for å tene ein annan mann," heitte det i ein song frå først på 70-talet. Teksten er prega av at opphavsmannen var venstreradikal og kritisk innstilt til samfunnstoppar: "For stormenn er like feig og falsk og umoralsk, så svik du meg, så svik vel kongen deg."

For tekstforfattar Sæmund Fiskvik er ikkje ein "stormann" det samme som ein stor mann. Men ein svikar er ein svikar, uansett. Der er Krohg og Fiskvik einige.

Kark er skurken i begge versjonane. Fortjener han dette? Og er det grunnlag i Snorres tekst for å framstille Kark på denne måten?

Dei norrøne kjeldene skriv lite om Tormod Kark. Hos Snorre blir han nemnt berre i Soga om Olav Tryggvason. Vi kan sjølsagt ikkje ta denne forteljinga for rein og skjær sanning, men fascinerande lesing er det likevel.

Historikaren P.A. Munch viser til andre tekstar enn Snorres kongesoger. Somme av desse gir ei litt anna framstilling.
 

HENT TEIKNINGA: Tora fører Håkon jarl til grisebingen.

HENT TEIKNINGA: Kark drep Håkon jarl.
"Vi vart fødde same natta"

"Etter dette for jarlen bort saman med ein træl han hadde, som heitte Kark." (Snorre.)

Ikkje kva træl som helst, viser det seg. Det er sterke band mellom desse to, så sterke at Håkon jarl vågar å legge livet sitt i hendene til trælen. Kark kan avsløre gjømmestaden allereie når den nye kongen lovar gods og ære til den som drep jarlen, men no teier han. Først morgonen etter dreg han kniven, når jarlen tar til å skrike "høgt og fælsleg". Kark blir "redd og fælen", derfor drep han.

Veit vi noko om forholdet mellom desse to?

"Vi vart fødde same natta," seier Håkon jarl. Dette var den første julenatta i 937 (har P.A. Munch rekna ut, utan at vi treng lite på dette). Ho som fødde Håkon var Bergljot, kona til Sigurd jarl. Vi veit ikkje kven som ga liv til Kark, berre at ho var trælkvinne.

Kong Håkon (den gode, eller Adalsteinsfostre) var gjest på Lade denne jula. Og med jul meiner vi da den gamle midtvintersfeiringa, med eit stort blotgilde til ære for æsene - dei norrøne gudane. Kong Håkon trudde på Kvite-Krist, mens Sigurd jarl var kjent som ein stor blotmann. Det dreier seg derfor ikkje om ein kristen dåp når kong Håkon auser vatn på jarlesonen. Denne skikken i samband med namngiing var her frå før da kristendommen kom til landet.

Det var nok ingen konge som ausa vatn på den nyfødde trælesonen, men han fekk namnet Kark.

P.A. Munch skriv at Håkon fekk Kark i "tanngave" da han fekk den første tanna si. Kjelde for dette er ikkje oppgitt. Påstanden er uansett ikkje urimelig, ut frå den lagnadstrua som herska i den tida:

Under asken Yggdrasil sitt nornene Urd, Verdande og Skuld. Urd står for det som var, Verdande for det som er, Skuld for det som skal komma. Dei vev livsveven til alle menneske. Alle trådane er på plass når du blir fødd, alt er fastlagt på førehand - utanom ein og annan flekken der nornene har slurva.

To menneske blir fødde i den samme natta, på den samme staden. Ein jarleson og ein træl. Her har ikkje nornene handla tilfeldig. Trådane i livsvevane til desse to er fletta inn i kvarandre frå første stunda. Banda mellom dei to nyfødde er sterke. Det er naturlig at den eine blir den andres personlige træl.
 

HENT TEIKNINGA: Kong Håkon auser vatn på jarlesonen.
Vennskap og tillit - eller makt og mistru?

Det veks opp to gutungar på Lade, midt på 900-talet. Dei leikar, dei slåss, dei gjer rampestreker. Mest trulig får trælen skylda for det meste. Hans medfødde rolle i livet er å ta støyten for herren sin. Samtidig må det vera ei form for vennskap mellom desse to, så nær som dei står kvarandre gjennom eit langt liv. (57 år, rekna P.A. Munch ut.) Hadde forholdet mellom herre og træl vore bygd på makt og mistru, kunne ikkje Håkon ha lagt livet sitt i hendene til Kark den siste natta.

Gutane kjem i puberteten, dei blir unge menn. Håkon utviklar seg til ein jentefut. Som jarleson har han makt til å ta den han vil ha, noko han held fram med heile livet. 25 vintrar gammel (i følgje P.A. Munch) blir han jarl for Trøndelag, etter at sønene til Eirik Blodøks drep faren hans. Nokre år seinare har Håkon den eigentlige makta i det meste av Norge, og han er den som står imot alle forsøk på å innføre kristendommen i landet. Håkon blotjarl går den motsette vegen av herskarane i nabolanda: Han gjenreiser gamle hov og sett all sin lit til dei gamle gudane, til æsene. Gode år med rike avlingar og godt fiske gir folket liten grunn til å tvile på at jarlen gjer det rette.

Vi må tru at Kark får sin bit av kaka. Trulig er han med på reisene til Håkon, mellom anna til Danmark og austover til landa rundt Østersjøen. Kanskje samlar han seg litt rikdom, kanskje drømmer han om ein dag å kjøpe seg fri. Eller kanskje veit Kark at hans og Håkons livsvevar er for sterkt innvevde i kvarandre til at dette er mulig.

Trælen Skofte Kark

Ein eller annan gong må Kark ha gjort seg fortjent til namnet Tormod. Ein nyfødd træl kan umulig ha fått eit namn fylt av så mykje kraft: Tor og mot (eller sinne). Noko må ha hendt i livet hans. Det var ikkje tilfeldig kva namn du fekk. I den skildringa Fagrskinna gir av drapet på Håkon jarl, blir trælen kalla "Skofte Kark", eit namn vi finn igjen i den framstillinga Jomsvikingesoga gir av slaget i Hjørungavåg. Skofte er lettare å akseptere som namn på ein træl, men for meg (og Snorre) heiter han Tormod Kark.

Fleire kjelder fortel at Håkon ofra den eine sonen sin til gudane under slaget i Hjørungavåg, somme hevdar at han ofra to. I Jomsvikingesoga heiter det at Håkon lét trælen Skofte Kark stå for ofringa. P.A. Munch stiller seg tvilande til alt dette, utan heilt å avvise hendinga.

Om vi skulle godta dei ikkje heilt pålitelige kjeldene - og samtidig gå ut frå at Skofte Kark og Tormod Kark er den samme mannen: Håkon jarl må ha sett trælen og barndomskameraten sin svært høgt om han lét han stå for det Olav Tryggvason kallar "det største blotet som er brukeleg" (Snorre: Soga om Olav Tryggvason, kapittel 67). Bloting må generelt ha vore ei oppgåve som var for stor for ein træl.
 

Ein annan versjon

Christian Krohg og Sæmund Fiskvik har bygd sine framstillingar på Snorre, i begge tilfelle tolka litt lenger enn det er grunnlag for i teksten. Ågrip gir ein helt annan versjon av drapet, gjengitt her med P.A. Munch som kjelde:

Ein arg bondeflok kjem til Romol på leiting etter jarlen. Dei finn han ikkje og trugar med å brenne ned garden. Håkon jarl blir redd for ein smertefull død og bed derfor Kark om å skjera strupen over på han. Hovudet blir etterpå ført til Kaupangen, altså dit Nidaros seinare vart bygd.

Framstillinga (ikkje denne kortversjonen) er gitt i ei form som fortel at den namnlause historikaren hadde eit negativt syn på Håkon jarl. Dette er ikkje så merkelig. Det har berre gått to hundre år. Den nye trua har på ingen måte fått fullt fotfeste i landet. Håkon jarl var den siste store forsvararen av den gamle. For dei geistlige i Nidaros må det ha vore viktig å sverte minnet hans.

Snorre skreiv sin versjon tre-fire tiår seinare. Hos han er konklusjonen at Håkon jarl var ein stor mann, "i mange måtar godt laga til å vere hovding". Kanskje har Snorre med vilje vald den slutten som trass alt ga jarlen ei viss ære.

Vi kan ikkje veta om den eine eller andre framstillinga er den rette. Eller ei tredje.
 

Kan eg reinvaske Tormod Kark?

Eg trur Tormod Kark er ein miskjent person i Norgeshistoria. Han kan ikkje ha vore ein svikar som i dei siste timane sine berre er styrt av gulltørst og vondskap. Nornene har vevd livet hans inn i Håkon sitt. Trælen må tru like sterkt på det gamle som jarlen gjer. Han drep barndomskameraten fordi det har ei større meining, fordi han ser dette som si siste store oppgåve i den felles livsveven.

Mi tru er at Håkon og Kark veit at den gamle tida er forbi, dei ser at vegen til den nye kongen er den einaste mulige for landet. Begg har reist ute i den store verda og sett at der har Kvite-Krist tatt over. Ei ny tid kjem. Men Håkon jarl og Tormod Kark høyrer heime i den gamle.

Det er mulig å lesa Snorres tekst slik:

Håkon forstår av dei første draumane til Kark at han er feig, altså at han skal døy. Han har nådd enden av livsveven sin. Draumen om gullringen stadfestar dette: Olav Tryggvason kjem til å hogge hovudet av Kark. Døyr den eine, døyr også den andre - dei to som vart fødde i den samme natta. Tormod Kark veit at han må drepa Håkon. Han misliker tanken, derfor er han "så bleik, men stundom svart som jord". Håkon spør: "Det er vel ikkje så at du vil svike meg?" Det han eigentlig seier: "Drep du meg ikkje no, er det eit svik. Ikkje berre mot meg, men mot alt det vi trur på."

Lese på denne måten, blir framstillinga lik hos Snorre og i Ågrip.
 

Meir om Tormod Kark, Håkon jarl og Olav Tryggvason

Utgangspunktet for at eg fatta interesse for denne trioen, var at eg fekk i oppdrag å skrive nytt manus til Korsvikaspillet. Denne versjonen vart første gong vist i 1995 (i Korsvika på Lade, Trondheim). Nypremiere blir fredag 13. juni 1997.

I april blir "Idar Linds andre side" presentert i MAGASINETT. Kanskje kjem også denne til å dreie seg om Tormod Kark og Håkon jarl - eller om Olav Tryggvason. Vi får sjå.

Eg tar gjerne imot respons på det som er presentert her. Kanskje gir redaktøren rom for innlegg om saka? Den som vil veta meir om meg, kan sjekke heimesida mi.
 

Fotnoter

P.A. Munch, norsk historikar som midt på 1800-talet ga ut "Det norske folks historie". (Tilbake til teksten.)

Fagrskinna: "Den fagre skinnboka", "Nóregs konungatal". Dette er ei samling norske kongesoger frå omlag 1230. (Tilbake til teksten.)

Jomsvikingesoga er eit islandsk skrift frå rundt 1200. Slaget i Hjørungavåg sto i 986, om vi skal tru utrekningane til P.A. Munch. (Tilbake til teksten.)

Ågrip er den eldste Norges-historia skrive på eit norrønt språk, trulig av ein nordmann i Nidaros på 1190-talet. (Tilbake til teksten.)

| Meir om Kark | Rompa mi | Sju tre | Tuvalu



INTRODUKSJON / NETTNO / MAGASIN / SKULE / POST / LAGER