lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Personar
Slektskap
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( personar: Håkon Ladejarl )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
Håkon Ladejarl (ca 937-995)
var son av Sigurd og Bergljot. Da faren døydde måtte Håkon rømme landet for sønene til Eirik Blodøks, men kom etter nokre år til makta med danskekongen si hjelp. I ein tiårsperiode styra Håkon jarl Norge som len under Danmark, men lausreiv landet ca 976 og var frå da av den eigentlige herskaren.

Håkon jarl gjenreiste dei gamle hova som var blitt øydelagt av Eirikssønene. I kjeldene framstår han meir enn nokon som den sentrale motstandaren mot innføringa av den nye kristentrua. Landet opplevde gode år med fred, rike avlingar og godt fiske, noko som bekrefta at jarlen hadde gudane på si side.

Mot slutten av levetida mista Håkon jarl mykje av populariteten. Trælen Tormod Kark tok livet hans samtidig som Olav Tryggvason kom til landet for å ta kongsmakta.

Slektskap
Björn Espells sider

 

Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)