lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Noter etter side
Noter etter emne
Frostatingslova
Kvad
Bibelen
Helgenar
Personar
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( noter )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
Utdrag frå romanen (s 62):

     Om volva har sett verda bli skapt, er det gjennom auga til ein av dei falne englane Satan lokka med seg. Munnen hennes er full av svik og vald, ho har urett og vondskap på tunga.
     Men må eg vera blind for at volva også gjer godt, ho som er ein reiskap for det vonde?
     Herren Jesus Kristus sa: Den som ikkje er med meg, han er imot meg.
     Ho prøver å fange sjela mi med ord. Med ord og gjerning. Derfor henta ho meg ut av feberen, derfor fekk ho såret i leggen til å gro, derfor tina ho den handa som heldt på å bli is.
     Derfor fyller ho meg med gamle historier.

Matteus 12.30

Den som ikke er med mig, han er imot mig, og den som ikke samler med mig, han spreder.

 

Copyright © Idar Lind (idar@lind.no) - Bibelsitat: Menighetesfakultetet