lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Frostatingslova
Personar
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( Frostatingslova: Leidang )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
(s 122-123)
Leidangen var sjøforsvaret i landet. Utgangspunktet var ei verneplikt som omfatta skip, mannskap og utrusting. I følgje Snorre var det Håkon den gode Adalsteinsfostre som sette lov om dette for å verne landet mot sønene etter Eirik Blodøks (ca 950).

Soga om Håkon den gode, kapittel 20:
«Etter dette slaget sette kong Håkon ei lov for heile landet langs sjøen og så langt opp i landet som det lengste laksen går; han delte alt bygt land i skipsreider og skipsreidene i fylke. Det vart fastsett kor mange og kor store skip dei skulle sende frå kvart fylke når det var allmenning ute, og allmenning var dei skyldige til å sende ut straks det var ein utanlandshær i landet. Med dette pålegget følgde det òg at dei skulle gjera veter på høge fjell, så dei kunne sjå frå den eine til den andre. Folk seier at det tok sju dagar for hærbodet frå den synste varden til det nørdste tinglaget på Hålogaland.»

Frostatingslova
Lova regulerer i detalj bygging og utrusting av leidangsskip. For alt som manglar er det bøter: Tre merker sølv for rorsplassen, seks øyrar sølv for kvart tre som manglar til bygginga, ein øyre for kvar jernnagle, seks øyrar for eit tjørespann og så vidare. (1 mark = 8 øyrar.) Bøndene har ansvaret for skip og naust, og for reip, segl, master og anker til skipet.

«Og skipet skal liggja nedsøkkt i fem netter før det vert ausa opp, og før maten vert boren ombord. Og om skipet til bøndene er i slik stand når mat og klede åt mennene vert bore om bord at mennene lyt ausa halve tida, då er det sjøført. Men om det er meir lekt, då er det ikkje ført, og det ligg ikkje straff på rorskarane om dei forlet det.» (kap 5)

Kongen peiker ut ein skipsstyrar, og denne peiker ut rorskarane. Først må lauskarane møte, dei som ikkje eig jord, men som er arbeidsføre. Så kjem turen til bønder som har folk i teneste, og som derfor kan reise frå jorda si. Er skipet enno ikkje fullt, skal to av tre som driv aleine, fara og den tredje vera heime for å ta seg av jorda til dei to som dreg. To mann skal på deling ha ein boge og to tylfter (24) piler. Kvar mann skal ha skjold, spyd og sverd eller øks.

Kjelder:
Sturluson, Snorre: Kongesoger
Omsett av Steinar Schjøtt og Hallvard Magerøy
Det Norske Samlaget, Oslo 1979

Frostatingslova
Omsett av Jan Ragnar Hagland og Jørn Sandnes
Det Norske Samlaget, Oslo 1994

 

Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)