lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Noter etter side
Noter etter emne
Frostatingslova
Kvad
Bibelen
Helgenar
Personar
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( noter )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
Utdrag frå romanen (s 18):

     Kvelp la ei grein på glørne, frå vedhaugen attmed døra. Elden kasta på seg i trekken. Det blafrande lyset og dei urolige skyggane ga liv til trefigurane som sto langsmed veggane. Vi tok eit brått og ustøtt steg bakover, alle tre. Broder Tangbrand korsa seg igjen og sa:
     Non habebis deos alienos in conspectu meo.
     Og eg visste at det var desse gudane eg trudde på for ti år sia, før broder Ciarán kjøpte meg for ei korg med brød.

Utdrag frå romanen (s 47):

     Eg forstår orda, men vil ikkje forstå meininga bak. Non habebis deos alienos in conspectu meo. Eg kan ikkje ha andre gudar enn Han. Heksa prøver å føre meg vekk frå Den rette vegen med ord, slik ho med varmen frå helvetesporten sin prøver å vekke lyst i meg, lyst etter henne. Eg kjenner det no. Frosten er borte. Eg kjenner elden i henne, og i meg sjøl. Ho har låst handa mi mellom låra sine. Eg er for kraftlaus til å slite meg fri.

5. Mosebok 5.7

Du skal ikke ha andre guder foruten mig.

Vulgata (latin):

non habebis deos alienos in conspectu meo

 

Copyright © Idar Lind (idar@lind.no) - Bibelsitat: Menighetesfakultetet