Vinsjan på kaia Den nye visegruppa Vår egen lille verden Langt igjen te RAH Fattigfolks lærdommer Det umulige e mulig En mann må gjørra ...
                                                                                       Fjern menyen  

Om boka  
Vinsjan på kaia  
Den nye visegruppa  
Vår egen lille verden  
Langt igjen te Royal Albert Hall  
Sangen om fattigfolks lærdommer  
Det umulige e mulig  
En mann må gjørra de’n må  
Songar  
Om JeremiA/S Bakfot  
Om Idar Lind  


Kjøp boka:  

 

D.D.E.: Rai 2
Song / album:  

 
Spelelister

Alle D.D.E.-songar med tekst av Idar Lind:

 

Hver gang vi møtes 2015, Bjarnes Brøndbos dag:

 

DDR-versjonar:

 

Gluntan:

 

Nøkken
(tekst Idar Lind, melodi Jon Sverre Berg 1977)

Visa vart brukt i revyen Laugalaga (UKA-77, Studentersamfundet i Trondhjem).
Visegruppa JeremiA/S Bakfot laga ein musikalsk sketsj for radioprogrammet Nattergalen der handlinga var bygd omkring figuren Nøkken og denne visa (1978).
På albumet Rai 2 gav D.D.E. ut ein trøndersk versjon, melodi Frode Viken (1994).

 
Nøkken sit under fossen og gnikkar på fela si
Tonen dirrar i lufta, ein vakker og var melodi
Men inga jente vert fanga, det kjem ikkje jenter forbi

Nøkken ser etter Huldra, men Huldra er ikkje å sjå
Skogen står ikkje lenger og Huldra har flytta ifrå
No har ho jobb inni byen, på nattklubben «Berget det blå»

Nøkken ropar på Nissen, men får berre ekko til svar
Alle dyra er slakta og fjøset står tomt der dei var
No passar Nissen maskiner som broilerfabrikkproletar

Nøkken ventar på Trollet, men trollberget har fått tunnel
Prinsessa fekk haik med ein trailer og arbeid på høgfjellshotell
No jobbar trollet som pendlar, med anleggsarbeide i fjell

Nøkken går heim til fossen, men finn berre røyr der han var
No sit han glømt og forkommi i skåla på eit pissoar
og spelar med klagande tonar ein slått på elektrisk gitar

 
 

Lydopptak ligg på nettsidene til
Studentersamfundets Interne Teater.

 

Opptak med JeremiA/S Bakfot 18.1.1978 for NRK-programmet Nattergalen, sendt 20.1.1978:
Ola Dimmen (gitar, kor).
Marit Garberg (blokkfløyte, kor).
Idar Lind (kor).
Jan-Erik Pettersen (vokal).
Asbjørn Solheim (bass, kor).
Randi Vik (vokal).

 

Spel versjonen med D.D.E.
i Spotify (til høgre) eller
.

 


Melodien vart publisert i Bakfot bok (eige forlag 1980).

                                                                                                                               

Ansvarlig for sida: idar@lind.no.