| Frå teaterstykket og fjernsynsfilmen En mann må gjørra de’n må (Trøndelag Teater 1990, Det Norske Teatret 1992, NRK 1996). Gitt ut i bokform på Aschehoug (1992) og på CD (Scenebetennelsen 1992).  Du lova meg aldri ei framtid
 Du ga meg aldri eit håp
 Du viste meg aldri vegen
 og sa at der skulle eg gå
 Trekkfuglen kjem om våren
 Leitar seg alltid heim
 Men eg kan aldri forstå
 korfor eg går
 til deg
 Så mange spørsmålAldri eit svar
 Så mange spørsmål
 og aldri eit einaste svar
 Korfor kjem trekkfuglen hit
 når ’n kunne ha vori der ’n var?
 Så altfor mange spørsmål
 og aldri eit svar
 Eg flyg som ei kråke i kulingEg syng som ei lerke i bur
 Andungen skulle bli svane
 men vakna som vengelaus spurv
 Du kunne vist meg vegen
 Du kunne gitt meg håp
 Men du var stum der du sto
 Aldri forsto
 eg deg
 Så mange spørsmålAldri eit svar
 Så mange spørsmål
 og aldri eit einaste svar
 Korfor kjem trekkfuglen hit
 når ’n kunne ha vori der ’n var?
 Så altfor mange spørsmål
 og aldri eit svar
 Men når livet har spurt meg for ofteog framtida stiller for store krav
 Når siste fuglen har flykta mot sør
 og hausten er svart og kald
 Då legg du armane rundt meg
 Leppene mot mitt hår
 Kviskrar dei orda til meg
 som berre eg
 forstår
 Så mange spørsmålAldri eit svar
 Så mange spørsmål
 og aldri eit einaste svar
 Korfor kjem trekkfuglen hit
 når ’n kunne ha vori der ’n var?
 Så altfor mange spørsmål
 og aldri eit svar
  
 |