![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() lind.no Start & innhald Songtekstar |
JeremiA/S Bakfot CD med gamle opptak er no tilgjengelig. Ta kontakt: idar@lind.no.
|
|
|
Visegruppa JeremiA/S Bakfot vart danna 30. september 1976 av seks medlemmar av vise- og lyrikklubben Rubb og Stubb i Trondheim (lista opp i samme rekkefølge som på fotografia til venstre):
Klikk her for å liste opp ein del av repertoaret. Gruppa hadde eit repertoar som dels var materiale laga av Idar Lind og Asbjørn Solheim, dels tradisjonelle og nye viser. Den samfunnskritiske profilen var merkbar, med sterke innslag av reinhekla humor. Eit kort innslag på eit debattmøte (om kristendom) i Studentersamfundet i Trondhjem i februar 1977 ga JeremiA/S Bakfot eit fortjent rykte som heidingar - og eit lengre innslag på eit tilsvarande møte i mars 1979 førte til heftig debatt i studentavisa Under Dusken. Med base i Trondheim var Studentersamfundet ein naturlig arena, i tillegg til oppdrag for ulike lag og organisasjonar. Dei to lengste ekspedisjonane var til Ås (mars 1977) og Alta (juli 1979). Gruppa var aktiv på festivalar i Selbu (1977), Molde (1977 og 1978), Vevang i Møre- og Romsdal (1978) og Alta (1979). Deltakinga på Naustet Vårt under jazzfestivalen i Molde i 1977 ga gruppa heidersprisen "Naustveven". Gruppa og medlemmane var elles svært aktive i det trønderske og norske visemiljøet. JeremiA/S Bakfot gjorde opptak for NRK-radio ved fleire høve og var på fjernsyn 12. juni 1978 i ein programserie om det norske visemiljøet. Einaste plateopptak (utan Jan-Erik) er på ein LP som vart laga i samband med filmen La elva leve - med konsertopptak frå visefestivalen i Alta (juni 1979, ugitt på plateselskapet Kolibri 1980). Gruppa framfører her Respekt for loven (tekst Jens Bjørneboe, melodi Asbjørn Solheim). JeremiA/S Bakfot spela saman siste gong med fullt mannskap 18. april 1980 og avrunda 10. juni 1980 med Ola bortreist. Ola vart seinare ein av Nordens svært få utøvarar på latin-amerikansk harpe (som han bygger sjøl). Marit begynte sist på 70-talet å spela el-gitar i jentebandet Cleopatras Hevn, og har seinare vore aktiv i ulike musikalske samanhengar. Idar har konsentrert seg om skriving av romanar, teaterstykke og songtekstar, mellom anna for rockegruppa D.D.E. Asbjørn og Randi har mellom anna vore med på ei plate med folkemusikk frå Møre og Romsdal, i lag med Henning Sommero og Anne Kleivset. Jan-Erik var i mange år aktiv i Skedsmo Viseklubb. Han døde i 2005.
|
|
|
| Copyright © Idar Lind. (idar@lind.no) Kjøp domene. | ||